– I nokre ferjesamband i Noreg har ferja fleire stopp. Nokre av desse stoppa er på øyer og i vegløse samfunn. Vi ønsker å starte arbeidet med å gjere desse strekningane gratis, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD
Tønsberg
11°C

Høyringa om ei permanent ordning for billettering på ferjene er no sendt ut

BILDET: -Vi må få på plass gode og sikre løysingar for handsaming av personopplysningar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD

-Gjennom koronapandemien har det vore mogleg å nytte skiltgjenkjenning eller AutoPASS-brikke for å kunne krevje inn betaling for ferjereiser i staden for manuell betaling. Dette har vore populært, og mange ønsker at det skal bli ei alternativ ordning på permanent basis. Da må vi endre lova, og forslaga til endringane er no sendt på høyring, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Det er Statens vegvesen som har sendt ut forslaga på høyring. Frå april 2020 fram til 1. juli 2022 er det ei mellombels lov som gjer det mogleg å betale for ferjebillettane utan å vere i kontakt med mannskapet. Å redusere spreiing av covid-19-viruset har vore årsaka.

– For å kunne innføre dette som ei permanent ordning, må vi få på plass gode og sikre løysingar for handsaming av personopplysningar. Det er hovudformålet med forslaget til lovendringane, seier Nygård.

Etter at høyringa er avslutta 7. april, vil Statens vegvesen handsame innspela. Deretter vil dei sende over eit forslag til lovendring til Samferdselsdepartementet.

For meir informasjon, sjå høyringa på Statens vegvesens heimesider

 

Share:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Ja, jeg vil være medskribent i BY

Fyll ut skjemaet under med ditt virkelige navn og den e-postadressen du sjekker oftest. Du kan ikke skrive anonymt. Alle artikler vil være underlagt moderasjon redaksjonelle regler.
Når du har mottatt e-post med innloggingsdetaljer, kan du gå på Næringsportalens forside og klikk skriv innlegg.

Ved debattinnlegg og kommentarer til publiserte artikler, ber vi om at man holder en sivilisert tone. Personangrep er ikke tillatt. Publisering av andres bilder er ikke tillatt uten godkjenning, og alle som er avbildet må ha gitt sin tillatelse. Barn må ha foresattes tillatelse.

BY tar ikke ansvar for lagring av tekst og bilder.