Tønsberg
11°C

Lovendring har gitt mindre pengespelreklame, men vi er ikkje i mål

Frå 1. januar 2021 fekk kringkastingslova ein ny regel som gjer det mogleg for Medietilsynet å pålegge norske tv-distributørar å fjerne marknadsføringa av pengespel som ikkje har løyve i Noreg. Foto Medietilsynet.

Utviklinga går i riktig retning, men på norske tv-skjermar er det dessverre framleis mykje reklame frå utanlandske pengespelselskap som ikkje har løyve til å tilby spel i Noreg. Norske myndigheiter vil halde fram kampen for å stanse denne reklamen.

Noreg er det tverrpolitisk semje om ein einerettsmodell for pengespel av omsyn til sårbare spelarar. Pengespellovgivinga, som Lotteritilsynet forvaltar, forbyr å marknadsføre pengespel som ikkje har løyve i Noreg, blant anna for å verne personar som slit med problemspeling.

Likevel har vi dei siste åra sett store mengder pengespelreklame på tv-skjermane i norske heimar kvar veke, i hovudsak frå utanlandske aktørar. Pengespelreklamen har vore vanskeleg å kome til livs, fordi sendingane blir kringkasta frå andre land. Dette har norske myndigheiter ønskt å gjere noko med. Frå 1. januar 2021 fekk kringkastingslova difor ein ny regel som gjer det mogleg for Medietilsynet å pålegge norske distributørar å fjerne marknadsføringa av pengespel som ikkje har løyve i Noreg på tv og i bestillingstenester, eller å gjere tilgangen til slik marknadsføring vanskeleg.

Massive og alvorlege brot

Etter at den nye regelen i kringskastingslova kom 1. januar i fjor, kontrollerte Medietilsynet ei rekke tv-kanalar frå Discovery og Nent Group. Det blei konstatert massive og alvorlege brot på norsk pengespellovgiving hos Discoverys tv-kanalar FEM, MAX, VOX og Eurosport Norge. Medietilsynet meinte at det kunne vere grunnlag for å pålegge dei norske tv-distributørane Telenor, Telia, RiksTV, Allente (Canal Digital og Viasat) og Altibox å stoppe den utanlandske reklamen på kanalane til Discovery, og sende varsel om dette til distributørane og Discovery i fjor sommar. Medietilsynet jobbar no med å vurdere om det er grunnlag for å pålegge tv-distributørane å fjerne pengespelreklamen på tv-kanalane til Discovery, og reknar med å ha avklart dette i løpet av første kvartal i år.

Mindre pengespelreklame

Nye tal som Nielsen Media Research har utarbeidd for Medietilsynet, viser at den totale marknaden for pengespelreklame i Noreg har falle for fjerde år på rad. I perioden frå august 2020 til juli 2021 blei det blitt mindre av både utanlandsk og norsk pengespelreklame målt både i kroner og minutt. Reklamemarknaden for utanlandske pengespel fall med 35 prosent i denne perioden, mens fallet for norsk pengespelreklame var på 27 prosent. Det største fallet kom etter at lovendringa tok til å gjelde. Det ser dermed ut til at endringa har hatt effekt. At Nent Group respekterer norsk lov og stansa å sende pengespelreklame frå 2021, gir tydeleg utslag på statistikken.

Likevel er det enno ein veg å gå. Utanlandske spelselskap står framleis for 72 prosent av all pengespelreklame på norske tv-skjermar, mot 28 prosent frå norske spelselskap. Sjølv om volumet totalt er blitt mindre, er vi langt frå mål. Vi veit at mange er utolmodige og gjerne skulle ha sett at reklamen var heilt borte. Men prosessen tar dessverre tid. Discovery kunne også ha valt å respektere stortingspolitikarane sin vilje, slik Nent Group har gjort. Da ville marknadsføringspresset mot sårbare spelarar vore mindre.

Fleire aktørar var bekymra for at mindre pengespelreklame skulle redusere dei totale inntektene til kringkastarane i eit slikt omfang at det blei mindre kvalitetsinnhald til tv-sjåarane. Det tala no viser, er at samtidig som det første halvår 2021 blei investert mindre i pengespel enn halvåret før, blei det investert meir i annan tv-reklame. Totalt auka all tv-reklame retta mot nordmenn med nesten tre prosent frå august 2020 til juli 2021. Det bør derfor vere mogleg, også for Discovery, å rette seg etter norsk lov og samtidig ha inntekter nok til å produsere innhald til norske sjåarar.

Share:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Ja, jeg vil være medskribent i BY

Fyll ut skjemaet under med ditt virkelige navn og den e-postadressen du sjekker oftest. Du kan ikke skrive anonymt. Alle artikler vil være underlagt moderasjon redaksjonelle regler.
Når du har mottatt e-post med innloggingsdetaljer, kan du gå på Næringsportalens forside og klikk skriv innlegg.

Ved debattinnlegg og kommentarer til publiserte artikler, ber vi om at man holder en sivilisert tone. Personangrep er ikke tillatt. Publisering av andres bilder er ikke tillatt uten godkjenning, og alle som er avbildet må ha gitt sin tillatelse. Barn må ha foresattes tillatelse.

BY tar ikke ansvar for lagring av tekst og bilder.