Oppdrag til Jernbanedirektoratet om moglegheitsstudie av jernbanestrekninga Oslo-Stockholm

25. februar, 2022

08:25

Ingen kommentar

-Vi ønskjer at fleire reisande skal velje grøn togtransport, ikkje berre i Noreg, men òg på tvers av landegrensene. Fram til koronapandemien råka oss, auka reisetala for togtilbodet Oslo–Stockholm. Dette viser at folk er interessert i å reise klimavenleg på utanlandsreiser. Jernbanedirektoratet skal sjå på moglegheiter for å gjere togtilbodet mellom dei to hovudstadane betre, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Samferdselsdepartementet har i dag gitt Jernbanedirektoratet i oppdrag å gjennomføre ein moglegheitsstudie av jernbanestrekninga Oslo–Stockholm.

Studien skal gi eit grunnlag for å kunne ta stilling til om – og i så fall korleis – ein kan arbeide vidare med å forbetre togtilbodet mellom Oslo og Stockholm.

Overordna vurderingar

På eit overordna nivå skal moglegheitsstudien ta for seg:

  • Marknadsmessige vurderingar – inkludert analyse av kva reisetid har å seie for passasjertalet
  • Kapasitetsvurderingar – om ei jernbaneline mot Arvika i Sverige bør kome inn til Oslo frå Lillestrøm eller Ski
  • Økonomiske vurderingar – mellom anna samfunnsøkonomiske vurderingar og vurderingar av kostnadsestimat for traséalternativa over høvesvis Lillestrøm og Ski

Moglegheitsstudien skal òg sjå hen innspel frå ikkje-statlege initiativ. Dette inkluderer ei vurdering av verksemdsøkonomien i prosjektet «Oslo – Stockholm 2.55». Jernbanedirektoratet skal ikkje vurdere alternative finansieringsformer som føreset forskotering eller at staten dekkjer utgiftene over tid. Det er lagt opp til at Jernbanedirektoratet skal ta initiativ til samarbeid med svenske Trafikverket om moglegheitsstudien.

Vidare framdrift

Fristen for å oversende rapport frå moglegheitsstudien til Samferdselsdepartementet er 1. oktober 2022. På bakgrunn av moglegheitsstudien vil departementet vurdere om det er grunnlag for å gjennomføre ei konseptvalutgreiing om jernbanestrekninga Oslo–Stockholm.

Abonnèr i dag

Du får rett til å publisere egne saker (moderert), tilgang til “+” saker og etterhvert få tilgang til planlagt fordelsklubb.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *