365 millionar i tilskot til kulturmiljø i 2022

4. februar, 2022

20:00

Ingen kommentar

BILDET: Verdsarvstaden Røros. Foto: Trond A. Isaksen, Riksantikvaren

-Kulturhistoriske spor gjev omgjevnadene våre særpreg og historisk djupne. I dag fordeler Riksantikvaren 365 millionar i tilskot til å ta vare på kulturminne og kulturmiljø. Dette er pengar som går til å sikre kulturmiljøverdiar. Samstundes bidreg dei til lokal verdiskaping og gjev ringverknader i form av arbeidsplassar og stoltheit over eigen kulturarv og tradisjon, seier klima- og miljøminister Espen Barth Eide.

Riksantikvaren har fordelt om lag 256,4 millionar kroner for året 2022, samt utbetalt 108,7 millionar frå tilsegn gitt i 2021.

– Engasjementet for kulturminne i Noreg er stort, og fleire og fleire ønskjer å sette i stand gamle hus eller engasjere seg for kulturarven i nærmiljøet sitt, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Eigarar, frivillige og lokalsamfunn gjer ein stor innsats for den norske kulturarven, slik at den også i framtida kan bestå som ein verdifull samfunns- og klimaressurs.

Riksantikvaren fordeler tilskot til fylkeskommunane og Sametinget, som så fordeler tilskota vidare til eigarar som har søkt om tilskot til ulike prosjekt og tiltak. Freda bygg i privat eige, fartøy, verdsarv og tekniske og industrielle kulturminne er blant tilskotsmottakarane i fordelinga. Fylka og Sametinget fekk inn 857 søknadar om tilskot for 2022, og totalsummen på søknadane inn til dei var på over 967 millionar kroner.

– Tilskota blir i hovudsak brukt til istandsetting og sikring av kulturminne som bygg, anlegg og fartøy og eigedommar, eller til planlegging av nye istandsettingsprosjekt, seier riksantikvar Hanna Geiran. – Dette gjev oppdrag for lokale handverkarar, samt inntekter frå turisme og andre aktivitetar knytt til mottakarane sine eigedommar. Midla støttar opp om det verdifulle arbeidet som eigarane allereie gjer.

Alle fylka og Sametinget har søkt om tilskot, men ikkje alle ordningane er relevante for alle fylke. I fordelinga har Riksantikvaren lagt fleire kriterium til grunn. Blant faktorane som har vore avgjerande for Riksantikvaren si fordeling er talet på kulturminne i fylket, talet på søknadar og søknadssummen frå fylkeskommunane og Sametinget, samt fylkeskommunane og Sametinget sine eigne vurderingar og prioriteringar.

Tilskot frå postar på statsbudsjettet

Tilskota kjem frå ulike postar på statsbudsjettet som er sett av til særlege typar kulturminne som bygg og anlegg. Til skilnad frå tidlegare år blir også tilskot til verdsarv fordelt i denne potten. Difor er summen til fordeling i februar i år høgare enn på same tid i 2021, sjølv om totalsummen til fordeling for året ikkje har auka. Fordelinga i år gjev også tilsegner på 84 millionar for tilskotsfordelinga i 2023. Desse midla blir utbetalt neste år. Denne ordninga finst fordi det skal være mogeleg å planlegge økonomien i større, fleirårige prosjekt for både eigarar, fylke og Sametinget.

Fordelinga gjeld postane 71, 72, 74, 79 i statsbudsjettet og tre av ordningane på post 73: brannsikring av tette trehusområde, istandsetting av profane mellomalderbygg og konservering av ruinar frå mellomalderen.

Sjå samla oversikt over tilskota til fylka på Riksantikvaren sine nettsider.

Post 71: Tilskot til freda bygg i privat eige

Middel frå denne posten går til freda bygg i privat eige. Til dømes kan ikkje kommunale ellar statlege eigedommar få tilskot frå denne posten, men frivillige organisasjonar kan få støtte.

– Det er stor skilnad på kor mange freda kulturminne i privat eige dei enkelte fylka har, seier Geiran. – Innlandet, Vestland og Viken får dei største summane i 2022, med over 20 millionar kvar. Til dømes har Innlandet 784 freda objekt, mens Møre og Romsdal har 123. Desse tilskota er til for at privatpersonar skal få hjelp til istandsetting og rehabilitering, fordi det kan være naudsynt å bruke andre metodar og materialar enn det som er hyllevare i dag. I mange tilfelle må ein hente inn handverkarar med spesialkompetanse på tradisjonshandverk for å få eit godt resultat på dei freda bygga våre.

Sjå samla oversikt for post 71 på Riksantikvaren sine nettsider.

Post 72: Tilskot til tekniske og industrielle kulturminne

Tekniske og industrielle kulturminne er ofte store anlegg, som kraftverk, fabrikkar, verft, sagbruk og anna industri. Det har vore eit eige bevaringsprogram for desse kulturminna, der 15 anlegg har hatt ei fast prioritering.

– I år har vi gitt tilskot til alle fylke som har søkt, seier Geiran. – Også dei fylka som ikkje har eit av dei prioriterte anlegga i bevaringsprogrammet har fått tilskot, men dei har fått lågare summar. Vi ser at alle fylka har ei auke i talet på søknadar og søknadssummar frå 2021 på denne posten. Det er ei positiv utvikling, heilt i tråd med vårt ønskje om å løfte fram mangfaldet av tekniske og industrielle kulturminne.
Agder, Innlandet, Viken, Vestland og Vestfold og Telemark får dei største tilskota i årets fordeling. Desse fylka har mange anlegg.

Sjå samla oversikt for post 72 på Riksantikvaren sine nettsider.

Post 73: Tilskot til bygningar og anlegg frå mellomalderen, inkludert brannsikring

Tilskota som blir delt ut i første omgang omfattar brannsikring samt bygg og ruinar frå mellomalderen. Dei resterande midla på denne posten blir delt ut seinare i 2022.

– Vi er glade for at vi har fått fleire søknadar innan brannsikring av trehus, seier Geiran. – Dette er eit særleg prioritert område. Bybrannen i Risør i februar 2021 sette ein støkk i folk over heile landet, og det er særs viktig å ta tak i brannsikringa av dei verdifulle trehusmiljøa våre. Møre og Romsdal er det fylket som får den største summen for 2022, saman med Innlandet, Viken og Nordland.

For bygg frå mellomalderen har Riksantikvaren vurdert talet på bygningar i privat eige frå før 1537 i kvart fylke, samt talet på søknadar og korleis fylka planlegg å følgje opp prosjekta.

– Vestfold og Telemark, Vestland og Oslo får dei største summane til mellomalderbygg i år. For ruinar stiller det seg litt annleis, fordi det her berre er fem fylke som har søkt om tilskot. Fire av dei får så godt som alt dei har søkt om, medan Innlandet i år får litt mindre, sidan dei i år har eit spanande forprosjekt for konservering av Mjøskastellet.

Sjå samla oversikt for post 73 på Riksantikvaren sine nettsider.

Post 74, fartøyvern

To millionar av potten er øyremerkt til skonnerten «Anna Rogde». Dette er den eldste seglande skonnerten i verda, og den held til ved Harstad i Troms og Finnmark fylke. Det er stor skilnad på kor mange verna fartøy som er registrert i kvart fylke og kva for tilstand desse fartøya er i. Dette får konsekvensar i fordelinga av tilskot.

– Vi gir 20 millionar kroner til fordeling i Vestland og 16 millionar kroner til Rogaland. Desse fylka har flest skip. Sametinget har til dømes berre eitt skip, og får difor eit langt mindre tilskot. Det er også slik at nokre skip allereie er i slipp eller dokk, og både fylka og vi ser det som særs viktig å få avslutta prosjekt som er starta, seier Geiran.

Sjå samla oversikt for post 74 på Riksantikvaren sine nettsider.

Post 79: verdsarv

Noreg har i alt åtte verdsarvstader på Unescos verdsarvliste. Desse stadene er viktige delar av verdas kultur- og naturarv. Tilskota skal dekke både istandsetting og andre tiltak, som til dømes formidling, kunnskap og forvalting i verdsarvområda.

– Bryggen i Bergen, Røros bergstad og Circumferensen og Rjukan-Notodden industriarv får mest, seier Geiran. – Det handlar om at det her er mange bygg med store behov for istandsetting. Men både Rjukan, bergkunsten i Alta, dei vestnorske fjordlandskapa, Vegaøyan, Struves meridianboge og Urnes stavkyrkje får tilskotsmiddel. Vi gjev også tilsegner for 2023 på over 20 millionar slik at verdsarvstadane kan planlegge fleirårige istandsettingsprosjekt, samstundes som vi støttar opp under prosjekt som skal formidleverdsarven.

Sjå samla oversikt for post 79 på Riksantikvaren sine nettsider

Abonnèr i dag

Du får rett til å publisere egne saker (moderert), tilgang til “+” saker og etterhvert få tilgang til planlagt fordelsklubb.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *