Med at Discovery trekker sitt søksmål mot staten er vi no eit skritt vidare i å verne sårbare spelarar mot aggressiv pengespelreklame på tv.

Inga rettsak om pengespelreklame

7. november, 2022

08:34

Ingen kommentar

Discovery trekker søksmålet sitt mot staten når det gjeld forbod mot å distribuere tv-reklame for pengespel utan norsk løyve. – Dette er enda eit viktig skritt for å kunne verne sårbare spelarar, seier Mari Velsand, direktør i Medietilsynet.

Medietilsynet vedtok i april å pålegge fem tv-distributørar å stanse reklame for pengespel som ikkje har norsk løyve. Sida 1. januar 2021 har Medietilsynet hatt lovheimel til å kunne stanse slik tv-reklame. Mens tv-selskapet Nent valde å respektere norsk lov ved å slutte å sende denne typen reklame då den nye lovheimelen kom, fortsette Discovery å sende slik reklame inntil i august i år.

Discovery tok ut søksmål mot staten på bakgrunn av Medietilsynets vedtak. No er det klart at Discovery trekker søksmålet.

– Dette inneber at vi endeleg er frie for aggressiv tv-reklame for utanlandske pengespel, seier kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen.

Om pengespelreklame som er ulovleg i Noreg

  • Etter pengespellovgivinga, som Lotteri- og stiftelsestilsynet forvaltar, er det forbode å marknadsføre pengespel som ikkje har løyve i Noreg.
  • Frå 1. januar 2021 kom det ein ny regel i kringkastingslova, som gjer det mogeleg for Medietilsynet å påleggje norske distributørar å hindre eller vanskeleggjere tilgangen til marknadsføring av pengespel som er i strid med norsk rett på tv og i audiovisuelle bestillingstenester.
  • Medietilsynet kan berre gi pålegg om å hindre pengespelreklame dersom det finst “avtalemessige eller tekniske muligheter for å hindre eller vanskeliggjøre tilgangen til markedsføringen, og dersom et pålegg er forholdsmessig”.
  • Medietilsynet påla tidlegare i vår tv-distributørane Telenor, Telia, Altibox, RiksTV og Allente å stoppe marknadsføringa av pengespela Unibet, Betsson, Nordicbet og Betsafe på Discoverys TV-kanalar FEM, MAX, VOX og Eurosport Norge.
  • Discovery stoppa sendingane av TV-reklame og sponsoridentifikasjonar mellombels frå 15. august etter vedtaka frå Medietilsynet. Discovery meinte at Medietilsynets vedtak mot dei fem norske tv-distributørane var i strid med EØS-retten, og gjekk til sak mot staten ved Kultur- og likestillingsdepartementet. Det er denne stemninga Discovery no har avgjort å trekke.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.