SD

Nasjonal transportplan 2025–2036: Ein transportplan for vedlikehald og fornying i heile landet

22. mars, 2024

13:00

Ingen kommentar

I ny Nasjonal transportplan vrir regjeringa innsatsen i retning drift, utbetring og vedlikehald. Med planen legg regjeringa opp til å bruke 1 308 milliardar kroner over 12 år.

– Vi legg i dag fram ein svært ambisiøs langtidsplan for transport i heile landet. Med denne planen ruster vi oss for ei ny tid: om seks år skal vi nå måla for klimagassutslepp, vi skal tilpasse oss ein ny sikkerheitspolitisk situasjon og eit ekstremvêr som kjem stadig oftare. Dette påverkar måten vi planlegg transport på, og difor må vi gjere tøffe prioriteringar. Vi skal bygge nytt der det er naudsynt, og ta betre vare på det vi alt har. I sum får folk og næringsliv ein betre reisekvardag med dei vala vi no tar, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap).

Les fylkesvis oversikt over prosjekt og tiltak i transportplanen.

Les meir på temasiden om Nasjonal transportplan 2025-2036Plandokumentet: Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.