Oslo 14.oktober 2021: Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (48), tidligere ordfører i Fredrikstad. Medlem av sentralstyret til Arbeiderpartiet og valgt inn på Stortinget ved årets valg. Mottar nøkler fra Knut Arild Hareide. Foto: Fredrik Naumann/Felix Features

No får fylkeskommunane 290 millionar kroner til fylkesvegar

BILDET: Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegane, og må betale for utbygging og vedlikehald. Det skal dei òg i framtida, men dette er ei hjelpande hand, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Fredrik Naumann – Felix Features.

-Denne regjeringa er oppteken av fylkesvegane rundt om i heile landet. Vi må ta betre vare på dei vi har. No følger vi opp Nasjonal transportplan, og fordeler dei første 290 millionar kronane til nettopp dette formålet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I Nasjonal transportplan 2022-2033 er det lagt opp til ei auka satsing på fylkesvegar. Eitt av tiltaka er ei øyremerka tilskottsordning til vedlikehald, fornying og utbetring av fylkesvegar. Den er no oppretta, og i 2022 skal om lag 290 millionar kroner bli fordelt mellom fylka.

– No startar vi opprustninga av fylkesvegane. Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegane, og må betale for utbygging og vedlikehald. Det skal dei òg i framtida, men dette er ei hjelpande hand, seier samferdselsministeren.

Ei ny ordning

Den nye tilskottsordninga erstattar tidlegare ordningar under «Tilskudd til fylkesveier».

Det er Statens vegvesen som har ansvar for ordninga. Både fordelinga av midlane og oppfølging av prosjekta. Det er fylkeskommunane som vel kva for prosjekt dei brukar midlane på, innanfor rammene som er sett for ordninga i Nasjonal transportplan.

Fordelinga av midlane tek utgangspunkt i vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane, ved å bruke den same fordelinga som i dag blir brukt til å fordele midlar til opprustning og fornying over rammetilskuddet på Kommunal- og distriksdepartementets budsjett.

– I tillegg til å følge opp Nasjonal transportplan, har vi lova i Hurdalsplattformen å utarbeide ein heilskapeleg og forpliktande plan for å redusere vedlikehaldsetterslepet. Dette skal vi gjere i samspel med fylka. Dette vil vere viktig for etterslepet av vedlikehald på fylkesvegane er stort, seier Nygård.

Abonnèr i dag

Du får rett til å publisere egne saker (moderert), tilgang til «+» saker og etterhvert få tilgang til planlagt fordelsklubb.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *