– I nokre ferjesamband i Noreg har ferja fleire stopp. Nokre av desse stoppa er på øyer og i vegløse samfunn. Vi ønsker å starte arbeidet med å gjere desse strekningane gratis, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Foto: Henrik Jonassen/SD

Revidert nasjonalbudsjett: 59 millionar kroner ekstra til gratis ferje

– For mange er ferja livsnerven i kvardagen. Det tek denne regjeringa på alvor. No foreslår vi derfor å løyve 59 millionar kroner ekstra til gratis ferjer. Da legg vi til rette for at mange ferjestrekningar i utkantstrøk blir gratis, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

Ekstraløyvinga kjem i samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett for 2022. Det er allereie løyvd 30 millionar kroner til å gjere ferjene i trafikksvake samband gratis.

Regjeringa foreslår no å auke løyvinga til gratis ferjer med 59 millionar kroner, med ei fordeling på 53 millionar kroner til fylkesvegferjer og 6 millionar kroner til riksvegferjer. Regjeringa foreslår dermed å løyve totalt 89 millionar kroner til gratis ferjer i 2022.

Samstundes forslår regjeringa å utvide ordninga til òg å omfatta delstrekningar til øyer og samfunn utan veg til fastlandet. Gratis ferje kan bli innført i andre halvår 2022.

– For Ap-Sp-regjeringa er det avgjerande viktig å legge til rette for at folk skal kunne bu, arbeide og leve gode liv i heile Norge. Med dette foreslår altså regjeringa å løyve totalt 83 millionar kroner til fylka i 2022, for å gjere eit stort tal ferjesamband gratis. Dette vil gjere reisekvardagen billigare for mange folk. Samstundes vil det redusere kostnadane for næringslivet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Det er fylkeskommunane som har ansvaret for fylkesvegferjene, og dei har derfor òg ansvaret for korleis midlane skal bli brukt.

Ferjer med fleire delstrekningar

– I nokre ferjesamband i Noreg har ferja fleire stopp. Nokre av desse stoppa er på øyer og i vegløse samfunn. Vi ønsker å starte arbeidet med å gjere desse strekningane gratis, seier Nygård.

Derfor foreslår regjeringa å bruke 6 millionar kroner av midlane til gratis ferjer til Røst og Værøy på rv. 80 Bodø–Røst–Værøy–Moskenes i Nordland og til Skipavik på rv. 13 Hjelmeland–Skipavik–Nesvik i Rogaland.

I tillegg gjeld dette nokre ferjer på fylkesvegane (sjå tabell nedst i pressemeldinga).

Oversikt over ferjesamband som kan bli gratis

Under følger ei oversikt over dei sambanda på fylkesveg som ifølge ferjedatabanken hadde færre enn 100.000 passasjerar i 2019. Det kan vere avvik i tabellen, men den er eit utgangspunkt for fordeling av midlar fylkeskommunane i mellom. Det er likevel opp til fylkeskommunane å fordele bruken av midlar mellom sine eigne ferjesamband.

Fylke Samband
Innlandet Tangen – Horn
Agder Abelnes – Andabeløy
Rogaland Haugesund – Utsira
Rogaland Stavanger – Lysebotn
Vestland Hisarøy – Mjånes
Vestland Barmen – Barmsund
Vestland Ortnevik – Måren – Nordeide
Vestland Klokkarvik – Lerøy – Bjelkarøy – Hjellestad
Vestland Daløy – Haldorsneset
Vestland Fjelberg – Sydnes – Utbjoa
Vestland Kinsarvik – Utne
Vestland Fedje – Sævrøy
Vestland Florabassenget
Vestland Masfjordnes – Duesund
Vestland Rysjedalsvika – Rutledal – Krakhella
Vestland Husavik – Sandvikvåg
Møre og Romsdal Molde – Sekken
Møre og Romsdal Festøya – Hundeidvika
Møre og Romsdal Småge – Orta – Finnøya – Sandøya – Ona
Møre og Romsdal Arasvika – Hennset
Møre og Romsdal Sæbø – Leknes – Skår – Trandal – Standal
Trøndelag Dypfest-Tarva
Trøndelag Storfosna-Leksa-Værnes
Trøndelag Sula – Mausund – Dyrøy
Trøndelag Garten-Storfosna
Trøndelag Skei – Gutvik
Nordland Digermulen – Finnvik
Nordland Stokkvågen – Træna
Nordland Mosjøen – Hundåla
Nordland Igerøy – Tjøtta
Nordland Nordnesøy – Kilboghamn
Nordland Sund – Horsdal – Sørarnøy
Nordland Ørnes – Vassdalsvik – Meløysund – Bolga – Støtt
Nordland Svolvær – Skrova – Skutvik
Nordland Nesna – Nesnaøyene
Nordland Stokkvågen – Onøy – Sleneset – Lovund
Nordland Jektvik – Kilboghamn
Nordland Tjøtta – Forvik
Nordland Horn – Igerøy
Troms og Finnmark Mikkelsby – Kongshus
Troms og Finnmark Øksfjord – Bergsfjord – Sør–Tverrfjord
Troms og Finnmark Øksfjord – Tverrfjord
Troms og Finnmark Mikkelvik- Bromnes
Troms og Finnmark Strømsnes – Kjerringholmen
Troms og Finnmark Rotsund- Havnnes- Uløybukt
Troms og Finnmark Nyvoll – Eidsnes (Korsfjord)
Troms og Finnmark Bellvik- Vengsøy
Troms og Finnmark Øksfjord – Hasvik
Troms og Finnmark Botnhamn- Brensholmen
Troms og Finnmark Storstein- Nikkeby- Lauksundskaret
Troms og Finnmark Hansnes- Karlsøy- Vannøy
Troms og Finnmark Hansnes- Reinøy

Oversikt over delstrekningar på ferjesamband på fylkesveg som kan bli gratis

I tillegg til dei to delstrekningane på riksvegferjer, følgjer ei oversikt under over dei delstrekningane som går til øyar og samfunn utan veg til fastlandet på ferjesambandpå fylkesveg med over 100.000 passasjerar. Oversikta er ikkje nødvendigvis komplett.

Fylke Samband
Vestfold og Telemark Kragerø-Skåtøy-Stabbestad
Rogaland Fogn – Judaberg – Nedstrand – Jelsa
Vestland Askvoll – Gjervik – Fure – Værlandet
Vestland Gjermundshamn – Varaldsøy – Årsnes
Vestland Jektevik – Nordhuglo – Hodnanes
Vestland Måløy – Husevågøy – Oldeide
Møre og Romsdal Larsnes – Åram – Voksa – Kvamsøya

 For meir informasjon, sjå regjeringen.no

Share:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Ja, jeg vil være medskribent i BY

Fyll ut skjemaet under med ditt virkelige navn og den e-postadressen du sjekker oftest. Du kan ikke skrive anonymt. Alle artikler vil være underlagt moderasjon redaksjonelle regler.
Når du har mottatt e-post med innloggingsdetaljer, kan du gå på Næringsportalens forside og klikk skriv innlegg.

Ved debattinnlegg og kommentarer til publiserte artikler, ber vi om at man holder en sivilisert tone. Personangrep er ikke tillatt. Publisering av andres bilder er ikke tillatt uten godkjenning, og alle som er avbildet må ha gitt sin tillatelse. Barn må ha foresattes tillatelse.

BY tar ikke ansvar for lagring av tekst og bilder.