Siri Hall Arnøy utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet

Fagdirektør Siri Hall Arnøy er i statsråd 21. januar utnemnd til underdirektør i Samferdselsdepartementet.

Hall Arnøy er utnemnd til underdirektør i Vegseksjonen. Seksjonen har mellom anna ansvar knytt til planlegging, bygging og drift og vedlikehald av riksvegane, og har det overordna ansvaret for etatsstyring av Statens vegvesen og Vegtilsynet.

Siri Hall Arnøy (43) er sivilingeniør i miljøfysikk frå Noregs miljø- og biovitskaplege universitet. Ho har ein doktorgrad i teknologi- og vitskapsstudiar frå Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet i 2012. Hall Arnøy var stortingsrepresentant i perioden 2001-2005, før ho blei politisk rådgjevar i Finansdepartementet i 2005. Ho har også vore fagansvarleg og politisk rådgjevar i ZERO.

Hall Arnøy har vore tilsett som sakshandsamar i Samferdselsdepartementet frå 2015 og har i perioden vore departementskonstituert som avdelingsdirektør i Planseksjonen i eitt år. Hall Arnøy har fungert som nestleiar i Vegseksjonen sidan hausten 2021.

Share:

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Ja, jeg vil være medskribent i BY

Fyll ut skjemaet under med ditt virkelige navn og den e-postadressen du sjekker oftest. Du kan ikke skrive anonymt. Alle artikler vil være underlagt moderasjon redaksjonelle regler.
Når du har mottatt e-post med innloggingsdetaljer, kan du gå på Næringsportalens forside og klikk skriv innlegg.

Ved debattinnlegg og kommentarer til publiserte artikler, ber vi om at man holder en sivilisert tone. Personangrep er ikke tillatt. Publisering av andres bilder er ikke tillatt uten godkjenning, og alle som er avbildet må ha gitt sin tillatelse. Barn må ha foresattes tillatelse.

BY tar ikke ansvar for lagring av tekst og bilder.