Revidert nasjonalbudsjett: 59 millionar kroner ekstra til gratis ferje

– For mange er ferja livsnerven i kvardagen. Det tek denne regjeringa på alvor. No foreslår vi derfor å løyve 59 millionar kroner ekstra til gratis ferjer. Da legg vi til rette for at mange ferjestrekningar i utkantstrøk blir gratis, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård. Ekstraløyvinga kjem i samband med framlegginga av revidert nasjonalbudsjett for 2022. […]