SIGNERING: Alle ordførarane i Hallingdal møtte for signering av intensjonsavtale med Universitetet i Søraust-Noreg. Frå venstre Petter Rukke i Hol, Tore Haraldset i Nes, Merete Gandrud i Flå, Heidi Granli i Gol, Solveig Vestenfor i Ål, Pål Rørby i Hemsedal og rektor Petter Aasen. (Foto: An-Magritt Larsen)

Universitet fra fjord til fjell

18. august, 2022

08:11

Ingen kommentar

Ein campus i Hallingdal. Det er ambisjonen i ny intensjonsavtale mellom fjellregionens seks kommunar og Universitetet i Søraust-Noreg.

Hallingdal er eit dalføre som strekker seg som ein smilemunn tvers gjennom Viken fylkeskommune. Her ønsker ordførarane i Hol, Ål, Hemsedal, Gol, Nes og Flå å tilby høgare utdanning. Universitetet i Søraust-Noreg (USN) er med på laget.

Partane er vorte samde om ein intensjonsavtale som vart signert på ein høgtideleg seanse under Arendalsuka 16. august. Ambisjonen er å utvikle og etablere ein campus i Hallingdal, der det kan vera aktivitet på ulike stader i regionen.

– Universitetet har ein intensjon om å tilby desentraliserte, fleksible samfunns- og arbeidslivsintegrerte utdanningstilbod, bidra i regional utvikling basert på forskings- og utviklingsarbeid og samarbeide med sentrale aktørar innanfor offentleg og privat sektor i fjellregionen, forklarer rektor Petter Aasen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.